SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

MANGFOLDSÅRET I BIBLIOTEKET

Ragnar Hovland – omsetjar

Kva veit Hovland sine forfattarkollegaer om omsetjarskapet?
Les lista over omsetjingar

Ragnar Hovland er ikkje noko ukjend namn, verken blant unge eller eldre lesarar, og dei fleste er klar over at lista over bøker han har skrive etter kvart er blitt lang som eit godt år. Likevel veks lista med eit langt byks om ein tek med bøkene han har omsett, for dei må òg reknast med i forfatterskapen hans. Omsetjingane vitnar om kor mangfaldig Ragnar Hovland er, både når det gjeld tema, sjangrar og språkkunnskap. Dei er òg fine vegar å velge om ein har lyst til å komme seg litt ut i verda, til stader og tider ein ikkje har vore før, som i den nære, irske samtida, Garcia Lorcas Andalusia og Apollinaires eigenarta univers. Desse noko meir skjulte sidene ved forfatterskapen til Hovland byr nemlig på ein del overraskingar og uventa sprang. Dette må me få fram i lyset, tenkte eg, og stilte Hovland nokre spørsmål om saka.
Eg vil at nokon skal vente på meg : noveller / Anna Gavalda Kan du seie noko om kvifor du omsett bøker og om korleis du har valgt kva for bøker du skal sette om?
- Eg blei spurd om eg kunne tenkje meg å gjere det, fordi eg på den tida hadde skrive nokre bøker sjølv og forlaget vel meinte at eg var ein som kunne klare slikt. Seinare har det berre fortsett, både med og mot min eigen vilje, både av lyst og fordi eg treng den ekstra inntekta. Og stundom berre fordi eg ikkje er flink nok til å seie nei.
Eg har stort sett ikkje valt kva eg vil omsetje, men blitt spurd av dei diverse forlaga. Av og til fordi dei har fått det for seg at dette er ein tekst som passar meg og min skrivemåte, men nok vel så ofte fordi dei treng nokon på kort varsel og fordi eg er ein av dei som kan litt fleire språk enn engelsk.
Ja, du sett om både fra spansk, engelsk, svensk, fransk og tysk. Det er imponerande! Kva for eit av desse språka ligg nærast hjartet ditt?
- Eg er nok alt i alt best i engelsk! Og er betre i tysk enn i fransk, sjølv om det er det siste eg har studert. Og spansk klarer eg ikkje utan hjelp.
Må ein kjenne en nærleik eller fortrulegheit med de tekstene en skal omsette?
- Det kan vere ein fordel, men det er ikkje nødvendig. Mange av tekstaneAlvekongens dotter : dikt i utval / Sarah Kirsch eg har omsett har eg ikkje kjent nokon spesiell nærhet til, men eg må likevel prøve å yte desse tekstane like stor rettferd som tekstar eg kjenner meg meir fortruleg med.
Men er det nokre av dei du har omsett du kjenner deg litterært sett i slekt med?

- Har kjent meg litterært i slekt med enkelte av dei eg har omsett, ja, det kan gjelde Queneau, Perec, delvis Roddy Doyle og ein del av dei dikta eg har gjort, som Sarah Kirsch (!) og Richard Brautigan, og til ein viss grad Koltès.
Ja, det er kanskje litt overraskande at du nemner Sarah Kirsch, hennes uttrykk ligg tilsynelatande eit stykke unna ditt, men det handlar kan hende om denne blandinga av det personlege og tilknyttinga til tradisjonen? Kan du si litt om henne?
- Sarah Kirsch har i tjue år lege mitt hjarte nær, og dette var ei gjendikting eg hadde stor glede av sjølv om uttrykket hennar, som du seier, ligg eit godt stykke unna mitt. Det har vel litt å gjere med at ho er så konkret og sanseleg, og til dels leikande, i skrivemåten, at ho får det kvardagslege til å løfte seg på ein heilt spesiell måte ved å la det gli over i det uventa og gåtefulle.
Roberto Zucco / Bernard-Marie Koltès
Du nemner òg Bernhard-Marie Koltès, som du har omsett eit stykke av. Kva er det du liker ved hans dramatikk?
- Det er nok kanskje først og fremst det uforutseielege i stykka hans, og at han har replikkar som verkeleg sit, med ei særeigen blanding av stilisering og kvardagsspråk.
Når du peiker på irske Roddy Doyle, tenkjer eg at han - som du - har ein eigen evne til å blande humor og tristesse. Har du ein favoritt blant hans bøker?
- Av dei eg har omsett var «Sharons unge» den eg hadde størst glede av, men også «The Commitments» var ei bok det var godt å omsetje.

Korleis ser du på omsetjingane i forhold til ditt eget forfatterskap?
- I enkelte tilfelle har dei vore ein bremse for eigen forfattarskap, men av og til har eg kjent det som ei utviding, t.d. bruker eg ofte «Stiløvingar» av Queneau til opplesing saman med eigne tekstar. Og omsetjing kan i heldige tilfelle fungere som ei slags vitamininnsprøyting, ein måte å utvide sin eigen språklege horisont på.
Åleine i alpane : 20 bøker / Ragnar HovlandJa, Stiløvingar er vel noko av vanskelegaste ein kan finne på å omsette, ettersom den sett nye, strenge rammer for kvar av dei 99 tekstane. Desse rammene åpner, paradoksalt nok kanskje, for mykje leik med språket, mykje moro. Omsetjing sett jo i seg sjølv ein del rammer, men opplever du desse mest som stengsler eller meir som inspirasjonskjelder?

- Meir som inspirasjonskjelder enn som stengsler. Strenge rammer er nesten alltid inspirerande. Eg trur ikkje det er så mykje eg i utgangspunktet ikkje ville våge å gi meg i kast med etter Stiløvingar.
Nei, det er jo tydeleg: Du har omsett utruleg mykje forskjellig; romaner, krimlitteratur, barnebøker, hørespill, teatermanus, dikt og syngespill. Det er eit imponerande spenn! Kva for sjanger byr på dei største utfordringane? Og kva er morsomst?
- Lyrikk (særleg i bunden form) er nok det som både byr på dei største utfordringane og som eg også alt i alt har hatt mest glede av. Men musikalen «Sweeney Todd» var truleg den aller største utfordringa eg har hatt, kanskje ved sida av «Stiløvingar».
«Sweeney Todd – the barber from Fleet Street», ja. Eg høyrde deg snakke om den på Litteraturfestivalen på Lillehammer i 2006. Fortell gjerne litt om den!
Sharons unge / Roddy Doyle- Dette var, ved sida av Stiløvingar den mest umulege oppgåva eg har tatt på meg, og dermed også ei av dei morsommaste. Grunnen er enkel, her er det store mengder songtekstar, der kvar staving skal passe nøyaktig til musikken, og det ikkje er muleg å sluntre unna. Eg ville også følgje den engelske versjonen trufast, slik at det skal rime på dei same plassane i den norske versjonen. Teksten stilte også store krav til oppfinnsomheit, med innslag av fleire typar språk. Og når ein synest ein har fått det til å stemme, gir det ei ekstra stor glede. Og så er det jo rett og slett ein flott tekst.
Har sjangerturneringa inspirert deg til sjangereksperimentering i eige forfatterskap?
- Det har den. Har kanskje ingen gode eksempel, men ein finn ein del slikt i Åleine i Alpane, og i verseinnslaga i romanen Dr. Munks testamente.
Nokre av bøkene, som Månen har tenner av elfenbein av Federico García Månen har tenner av elfenbein : dikt i utval / Federico García Lorca Lorca, har du omsett saman med Tove Bakke; korleis var det å samarbeide om ei omsetjing?
- Dette er den einaste gongen eg har samarbeidd om å omsetje ei heil bok, og det gjekk overraskande (!) bra. Vi gjorde dei aller fleste dikta i fellesskap, diskuterte oss fram til løysingar, linje for linje. Tove gjorde nokre få dikt åleine, og det same gjorde eg. Størstedelen blei gjort i ein tovekers periode på Sardinia, der vi belønna oss sjølve med rikelege mengder god, lokal vin når dagens arbeidsøkt var over. Og vi innsåg at eit samarbeid gjerne fører til betre resultat enn om ein sit heilt åleine.
En bok jeg la merke til på lista di er Maria Edgeworths Rackrent Slott, som var ukjend for meg og ganske sikkert for mange andre norske lesarar òg, sjølv om du skriv i forordet at den er «den første regionale romanen innenfor det engelskspråklige området». I eit slikt tilfelle gjør du som omsetjar (og forlaget, her Bokvennen) ein uvurderleg formidlingsinnsats! Kan man se oversettelsen av denne boka, skrevet på irsk dialekt av en kvinnelig forfatter på slutten av 1700-tallet, også som et viktig politisk valg?Savannah Bay / Marguerite Duras
- Det kan ein nok, men i så fall var det forlaget sitt val. Eg hadde heller ikkje høyrt om forfattaren, og blei spurt av Bokvennen om å ta den, då dei hadde fått det for seg at nynorsk ville kle teksten best. Og elles var det ikkje av dei vanskelegaste oppgåvene eg har hatt.
Er det nokre bøker du savnar på norsk?
- Ikkje som eg kjem på, slik på sparket. Men eg skulle av og til ønske at iallfall ein av romanane til René Belletto kunne kome på norsk.
Har du lagt merke til nokon andre omsetjarar eller omsetjinger du synes er spesielt gode? Nokon du vil anbefale heilt på tampen?

- Det er mange gode, og det er litt farleg å kome med slike anbefalingar. Men eg kan iallfall seie at Isak Rogde og Merete Alfsen (og la meg, sjølv om eg er inhabil, også nemne Tove Bakke) på sitt beste er mønsterverdige omsetjarar.

Bymusikantane i Bremen / teikna og levande attfortalt av JanoschKjærleikboka / tekst og bilete av Pernilla Stalfelt


Kva veit Hovland sine forfattarkollegaer om omsetjarskapet?

Kor godt kjend er Hovland sitt «omsetjarskap» blant forfatterkollegene hans? Kan dei hjelpe oss til å få auge på nokre av dei meir eller mindre godt gøymde godbitane? Eg gjekk rett på sak og stilte dei følgande spørsmål: Om eg seier «Ragnar Hovland, omsetjar», kva tenkjer du da?

Olaug Nilssen | Kjartan Fløgstad |Eduardo ’Doddo’ Andersen | Jon Hjørnevik | Einar Økland | Halvor Folgerø


Olaug Nilssen:
«Då tenkjer eg først og fremst på Apollinaire. Deretter tenkjer For eit godt ord / Nathalie Sarrauteeg på samleboka Bussen til Peking, som inneheld mykje rart, mellom anna ei omsetting av ei vitseteikning der teksten er: ’alltid, alltid, alltid når eg kjem heim, så sit hunden i vaskebøtta. Og det går meg på nervane!’ Det var sitert etter det skrale minnet.»
Og etter å ha sett lista over all omsetjingane:
«no seier eg: det er visst på tide at eg kikar litt nærare på dei bøkene Hovland har omsett. Eg visste at det var mange, og at han har god smak, men eg har ikkje sett meg inn i denne delen av forfattarskapen hans. Eg har ikkje lese andre enn Apollinaire, Lorca og Janosch. Eg er forøvrig svært glad i Janosch.
(Det er vanskeleg å seie, ettersom eg har lese så få av omsetjingane. Men) (E)g har inntrykk av at Hovland ofte har vore glad i dei han har omsett. Eg tenkjer ofte at eg ser det Ragnar Hovlandske i omsetjingane hans, sjølv om det er vanskeleg å setje fingeren på kva som er skilnaden på til dømes hans og Halldis Moren Vesaas Janosch-tone.»
«Kong Ubu av Alfred Jarry (men så kom eg i tvil: har RH omsett dette, eller er det berre slik at han burde ha gjort det?) Men eg tenker på det franske først og fremst: Perec, kanskje?»
Og etter å ha sett lista:
«Sjølv om eg veit, eller trur eg veit at RHW, eller Barndomsminnet / Georges Perec har hovudfag i tysk og snakkar språket framifrå, har eg alltid tenkt på han som omsetjar frå fransk. Det må vera noko med det lette og elegante, det surrealistiske (Apollinaire), det metalitterære (Perec), men også det kontant erotiske (Reiser).
Eg trur at dette er 'valfrändskaper' først og fremst, meir enn påverknad er det ein måte å uttrykka fasettar av RHs eigen kunst. Etter å ha sett heile lista, blir eg jo imponert over alt han har omsett, også frå engelsk og svensk, i tillegg til tysk litteratur. Men som sagt: det er noko med RH og det franske, meiner nå eg.
Surrealistane har eg stelt med sjølv, der ser eg RH som ein broder i ånden, og Perec har alltid vore ein litterær helt, også for meg. Og eg ser at eg har lyst til å lesa Botho Strauss og Sarah Kirsch, i RHs versjonar.»
«Bø og Bæ (Bu og Bä) er bøker for barn, de aller minste, av Olof og Lena
Landsröm. De er oversatt fra svensk av Ragnar Hovland. Bø og Bæ gjer reint, og Bø og Bæ i vinden er klassikere i vårt hjem. :) »
«For å vera ærleg kjenner eg lite til det Ragnar har omsett, mest hans heilt eigne bøker.
Men for meg blir Ragnar ein omsetjar også her, ein omsetjar av det me har rundt oss til dagleg.
Hovland er kanskje den fremste omsetjaren av vestlendingen sitt sinnelag og veremåte. Den som får oss til å forstå kven me er, den ypparste til å skape stemningar der me kjenner oss att i. Frå djup sorg til ramsalt humor. Han er og ein rev til å komme med overraskande vendingar, formulere absurditetar og generelt pisspreik, som gjer at eg berre må ha meir av han. Utan at eg har tenkt på det, så er det denne mangfaldige eigenskapen, som får meg til å hevde at Hovland difor og må vere den perfekte omsetjar av det andre har skrive.
For du skal vera forbanna god om det er noko du skal gi deg i kast med. Og det er Hovland. Forbanna god. Det minner meg på at eg bør lesa det han har oversett.»
«Ragnar Hovland er ein kollega som har alt det eg har og alt det eg manglar. Av den grunn er han støtt ein eg tykkjer eg kjenner svært godt og ein eg støtt tykkjer er ny og inspirerande. Då han kom, opplevde eg det som eit personleg tilskot. Etter kvart har eg skjøna at det ikkje berre er meg han har tilført noko nytt, han har frå første stund som offentleg skribent tilført nynorsk skriftliv noko som ikkje var der før. - Til dei som kanskje trur han er mild og slentrande: Han er skarp og modig - og svært kvikk. Og til dei som tykkjer det han skriv liknar på noko dei har lese eller tenkt før: Ragnar Hovland er så sjølvstendig og annleis enn dei aller fleste, at han aldri treng vere redd for å likne på andre. Og endeleg, til dei som trur han har blitt tildelt sine omsetjaroppgåver fordi han er så god i god norsk og så påliteleg når det gjeld å levere: Han har sjølv foreslått at fleire av desse skriftene blei omsette til norsk - til nynorsk- noko dei neppe ville blitt om det ikkje var for hans innblanding.
Ragnar Hovlands gildaste bragd som omsetjar? Mitt svar er at vi reiser eg ein «heilag kvit stein» i det nynorske landskapet for denne:

Jean-Marc Reiser: Leve kvinnene! (Cappelen 1986)
Denne finn du ikkje på lista di, men den er heldigvis registrert i NORBOK.
Slik:
Reiser, Jean-Marc
Leve kvinnene! / Reiser ; [omsett av Ragnar Hovland ; teksta av Jón Sveinbjørn Jónsson]. - [Oslo] : Cappelen, cop. 1986. - 140 s. : ill. ; 30 cm. - (741.5944).
- Innhold: Leve kvinnene! ; Far min. -
Originaltitler: Vive les femmes! ; Mon papa et les autres
ISBN 82-02-10547-1 (Cappelen : h.) : Nkr 118.00
ISBN 82-574-0513-2 (Nye bøker : h.) : Nkr 99.50
(Og så får du sjekke med folkloristane kva som er meint med heilage, kvite steinar.)

Eg tenker umiddelbart på Finse, ein gong seint på nittitalet. Epikurs hage : dikt i utval / Ulla Hahn Under Finse-jazz las Hovland høgt frå boka «Stiløvingar» av franskmannen Raymond Queneau, som han har omsett. Sjeldan har eg ledd så høgt og så lenge. Eg kan ikkje fransk, og har difor ikkje lese originalen, men Hovland fekk tekstane til å låte akkurat like underfundig, pussig og fint som hans eigne tekstar gjer. Imponerande.

Som småbarnsfar har eg sjølvsagt eit forhold til «Bø og Bæ», som Hovland har omsett frå svensk. Kanskje ikkje den tyngste omsetjarjobben Hovland har gjort, men likevel. Det handlar om to fåmælte sauer, som fører enkle samtalar om kvardagslivet. Dei seier ikkje stort, men akkurat det som skal til.


Ei (nesten fullstendig) liste over Ragnar Hovlands omsetjingar:

 

Marguerite Duras: Savannah Bay
Nathalie Sarraute: For eit godt ord
Guillaume Apollinaire: En amorøs reise
Ulla Hahn: Epikurs hage
J.M.G. le Clézio: Gullfisken
Anna Gavalda: Eg vil at nokon skal venta på meg
Botho Strauss: Tida og rommet
Philippe Delerm: Ørsmå gleder
Bernard-Marie Koltés: Roberto Zucco
Richard Brautigan: Dikt (Bok 8 i Åleine i Alpane)
Guillaume Apollinaire: Den melankolske vaktposten
Sarah Kirsch: Alvekongens dotter
Raymond Queneau: Stiløvingar
Federico Garcia Lorca: Månen har tenner av elfenbein (m/Tove Bakke)
Roddy Doyle: Hamburgervogna
Maria Edgeworth: Rackrent slott. Ei irsk forteljing
Roddy Doyle: Sharons unge
Roddy Doyle: The Commitments: da soul’en kom til Dublin
Arne Melberg: A
Jean-Marc Reiser: Den motbydelige mannen
Georges Perec: W, eller Barndomsminnet
Kjell-Olof Bornemark: Greger Traggs store sjanse
Kjell-Olof Bornemark: Skiljelinja



I tillegg ei rekkje enkeltdikt i antologien Poetisk modernisme: Av Juan Ramón Jiménez, Friederike Mayröcker, Ernst Jandl, Jürgen Becker, e.e. cummings, Frank O’Hara, Dylan Thomas, Aragon, Charles Baudelaire, André Breton, Valéry Larbaud. Raymond Queneau og Arthur Rimbaud.

Barnebøker:

Janosch: Bymusikantane i Bremen
Janosch: Eplemos mot kjærleiksorg
Pernilla Stalfelt: Kjærleikboka
Florence Parry Heide (og Judy Glasser): Problemet med Pulsifer
Mats Wahl: Den siste sjørøvaren
Judith O’Neill: Jess og elvebarna
Olof og Lena Landström: Bø og Bæ (7 bøker fra 1996 til 2006)


Tekstansvarlig: Cathrine Strøm , Galleri

Sist oppdatert 04.01.08

©Bergen. Off. Bibliotek

BERGEN OFFENTLIGE BIBLIOTEK

FLERSPRÅKLIG