SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

Hauge-Tveitt 2008

I 2008 er det hundre år sidan poeten Olav H. Hauge og komponisten Geirr Tveitt vart fødd. I tillegg til å ha same fødselsår, kjem begge frå Hardanger. Bergen Offentlige Bibliotek har valgt å markere jubileet med eigenproduserte sider om dei to jubilantane. Kvar veke vil ein få servert ein kvessar og gjennom heile det komande året vil me by på Hauge-Tveitt-relaterte nyhende på nettbiblioteket.no.
Olav H. Hauge Geirr Tveitt
Introduksjon
Om komponisten
Eksisterande verk
Kjelder og litteratur
 
 
 
   


Vekas kvessar


Kvessar #49

Vi hadde den draumen
at du skulle bli med oss
inn i Hauge si verd
at Parkerpennen skulle ta deg med
heilt til Kina
for å fanga dragar
at du skulla finna askespyd på Sponheim
og innta Miklagard
at du skulle sjå skautet på Vassfjøro,
men og eit fjon, eit lauv, eit janglestrå rundt tunet
for der ligg katten
vegvisaren
til elva bortom fjorden
som dett
og dett
og
d
e
t
t
mellom alle fjella og berga og nutane
ned i den tronge fjorden
så vi får lyst til
å setja oss på teppet som ho Bodil har vevd
og berre fjuka til eit blomstrande japansk kirsebærtre
eller heilt bort til Lu Chien.
Men vi har så fin duk på bordet
at vi må først
laga eit dikt
helst eit nytt kvar dag
om alle stjernena
som blinkar og funklar og glitrar og blikrar
på himmelkvelven som syg tunge stjerneklasar.

Likevel er det så lite vi rekk
når det kjem til stykket.
Vi kan alt høyra kolven i klokka.
Revebjøllene ringjer dei siste
raude klokkena
og vi rekk ikkje å sjå
over dei brukte ljåane
for no er det ikkje meir blekk
i Parkerpennen.
Den siste kvessaren sprengjer på
som ei frisk boble i siderflaska.
Vi håper han luktar
av frisk jord og nykløyvd ved.
Det er så mykje vi skulle
vist deg;
både lauvhytter og snøhus
blinken på løeveggen
som berre ventar på at du skal spenna bogjen.
Men flaskeepla er borte;
vi er tross alt på 61 grader breidd.

Men vi kan ikkje visa deg alt
på ein gong.
Vi lyt gjera som desse slue kvinnfolki:
Berre visa
lite vetta
om gongen.
Men vi skal først
helsa på gamle Leartes
skriva nokre kinesiske vers
og etter strevet steikja litt flesk
før vi sjekkar om vinteren
har gløymt att kvite kyr
i fjella.

Når vi heilt til slutt
justerer eit komma
flyttar ein tankestrek
er vi klar for punktum finale:
Opn mine augo, Herre
so eg betre kan sjå
underet, ikkje berre
avglansen utanpå
for
ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå…




Lenke til dei offisielle "Hauge-Tveitt 2008" sidene.

Tekstansvarlig: Alf-Kåre Blindheim, Hovedbiblioteket