SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

Geirr Tveitt

Geirr Tveitt

Geirr Tveitt er ein av Noregs største komponistar, og han skreiv over 300 verk. Han vart fødd i 1908 og voks opp både i Bergen og Drammen. Familien kom frå Hardanger og Tveitt var på slektsgarden i mange ferier. Han lærte tidleg å spele piano og fiolin, og etter gymnasåra på Voss drog Tveitt som ung mann ut i Europa for å studere musikk i Leipzig, Paris og Wien. Seinare busette han seg nokre år i Oslo kor han fekk sitt gjennombrot som komponist. I 1942 flytta han tilbake til Hardanger, og her samla han inn folketonar frå regionen. Dette resulterte i kjende verk som Femti folkatonar frao Hardanger for klaver, og orkestersuitene Hundrad folkatonar frao Hardanger. Etter krigen turnerte Tveitt i Europa og vart svært populær, spesielt i Spania. Han var også i Nord-Afrika, og både her og i Andalusia i Spania fekk Tveitt oppleve lokale folketonar og musikk, og fundere over slektskapen mellom folkemusikken i ulike områder.

På 1960-tallet arbeidde komponisten i NRK, og laga diktarportrett av mellom anna Herman Wildenvey og Arnulf Øverland. Tveitt laga songar til dikt og tekstar av desse og mange andre spanande forfattarar som Jakob Sande, Tarjei Vesaas og Aslaug Låstad Lygre. Sistnemnde sitt dikt Sumarnatt sette Geirr Tveitt tonar til, og det vart ein av hans mest folkekjære songar: Vi skal ikkje sova burt sumarnatta. I følgje Tveitt sjølv, gjekk det ikkje meir enn rundt fem minuttar frå han såg diktet fyrste gong til tonen var ferdig.

Geirr Tveitt opplevde den forferdelege tragedien at gardshuset hans i Norheimsund brann ned til grunnen i 1970, og store delar av originalnotane hans gjekk tapt. Notar, dokument, brev, fotografi og eit bibliotek med antikvariske bøker, gjekk opp i røyk. Denne katastrofa prega naturlegvis komponisten enormt, og gjorde det vanskeleg å halde fram å skrive. Likevel heldt Tveitt fram med å produsere, og skapte mellom anna nokre korverk, musikk for korps og nye songar til dikt og tekstar av ulike forfattarar.Baldur's dreams ; Telemarkin

Biblioteket har mange CD’ar med innspelingar av Geirr Tveitt sin musikk, og her kan ein nemne Prillar og Solgud-symfonien (utdrag frå balletten Baldurs draumar). Prillar vart skrive i 1931, og er eit symfonisk dikt for to strykeorkester, messingblåsarar, pauker og slagverk. Dette orkesterverket er truleg inspirert av europeiske tungvektarar som Ravel og Prokofjev, og når Tveitt miksar det storslagne med norske folketonar blir det både vakkert og spanande. Tveitt reiv i stykker partituret til Prillar, men utruleg nok blei papirbitane funne etter at han døydde, og kunne gjenskapast. Delar av Baldurs Draumar er rekonstruerte frå eit gammalt lydopptak frå 1938, frå brannskada notemateriale og ei klaverutgåve.

Musikkavdelingen har også fleire notar av Tveitt, til dømes Farketrall for sang og klaver, orkesterverket Hundrad folkatonar, Jonsokspel og sjølvsagt Aslaug Låstad Lygres vakre songar som Tveitt sette melodiar til.Piano concertos no. 1 & no. 4 (Northern lights) ; The turtle

Vil du lese meir om Geirr Tveitt, så har Reidar Storaas skrive ein biografi med tittelenTonediktaren Geirr Tveitt. Kjell Bækkelund har også skrive om Tveitt i boka Norske komponister fra 1977. Tveitt var ein omstridt og eksentrisk person, som tidleg rekna seg som ein norrøn hedning. Terje Emberland har skrive eit kapittel om Tveitt sin ”svermeriske idealisme” i boka Religion og rase fra 2003. Boka gjev ei interessant framstelling av eit tema det ikkje er skrive mykje om, og viser eit anna bilete av komponisten. Tveitt sin musikalske genuinitet kan og bør likevel sjåast lausriven frå ein kvar ideologi.

Det finnes også ein del om Tveitt på nettet, sjå lenkjer nedanfor:

Hardingtonar

NAXOS

Miclex

 

Tekstansvarlig: Vibeke Garrod, Musikkavdelingen

Sist oppdatert 10.11.06

Komponistportretter

 

BERGEN
OFFENTLIGE BIBLIOTEK

MUSIKKAVDELINGEN

Strømgt. 6
5015 Bergen

tlf. 55 56 85 80
fax 55 56 85 85