|
|||||||||||||||||||||
|
Intervju med Else Karin Bukkøy i anledning nettbibliotekets prosjekt ”Vestlandsforfattere” Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Eg er og har alltid vore i fullt arbeid/studie i
tillegg til forfattarskapen. Eg har eit forhold til jobb som yrkesaktiv
og eit forhold til jobb som forfattar. Eg arbeider innenfor barnepsykiatrien
i Stavanger, som ledar i full stilling. Eg er utdanna barnevernspedagog.
Akkurat no held eg på med mellomfag pedagogikk etter arbeidstid.
Eg elskar arbeidet mitt. Eg elskar å skaffe meg meir kompetanse
om problemstillingane rundt det vanskelige arbeidet det er å hjelpe
psykiske sjuke barn og familiane deira. Kva er bakgrunnen din? Eg skreiv dikt som ungdom om kjærleiken min
til den eg ikkje kunne få. Alle dikta mine gjennom fire år
handla om denne problemstillinga. Ingen av dikta er sendt til forlag.
Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med? Litterær tradisjon i min barndom var mors
glede for radioteater, Claes Gill's stemme når han leste "Sult"
av Knut Hamsun. Og vi ungane måtte vere musestille når vi
blei store nok til å kunne vere musestille. Det er fleire bøker
i min barndoms heim no enn då eg vaks opp som eldst i ein stor søskenflokk.
I dag har eg stor glede av å diskutere litteratur med dotter mi
på 25 år. Ho elskar novellene mine, ho elskar det littererære
språket mitt. Og ho oppmuntrar meg. Ho elskar litteratur. Sønene
mine er ikkje interessert på same måte, ikkje enno. Mannen
min er storbrukar av skjønnlitteratur i mange sjangrar. Kva er det som driv deg til å skrive? Når eg skriv, er det som ein besettelse, eg blir høg. Derfor må eg mest bestemme at eg ikkje skal skrive. Fordi eg har gjort andre valg. Og skrivinga er livet mitt i tillegg til det andre livet mitt. Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar? Då eg laga "UT" var det som ein besettelse, med andre ord ein stor skriveopplevelse. Då eg laga "Klaus" var eg ofte melankolsk, med andre ord ein rar skriveopplevelse. Då eg laga "Mellom Jan og Marita var eg Jan. Då eg laga "Centimeterstriper av dagslys" var eg berre overraska over alt som kom, då eg laga "Sara" var eg igjen melankolsk og alvorlig, då eg laga "Soldagen" var eg høgtidlig, då eg laga "Krusningar i landskap" var eg oppstykka. No har eg fleire noveller som snart kanskje er ein samling. Den beste har eg enno ikkje laga. Eg har den ikkje på hjarta. Korleis stiller
du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige
skriving? © Bergen Off. Bibliotek |
|||||||||||||||||||||
|
|||||||||||||||||||||