|
Tekstutdrag
frå
Eld og vatn:
Hesselberg eller Den gode nordmann
Som kommande vestindisk guvernør forlet Dyppel København
seint i oktober 1671 i brodden for ein brokut flokk mannskap og kolonistar,
der berre eit fåtal var frivillig med på ferda. Fleirtalet
ombord var straffanger frå Bremerholmens skipsverft og kvinner frå
det såkalla Spindehuset, der dei var plasserte på grunn av
deira "uskikkelege levnad".
Toktet med "Færø" frå København til
Vestindia blir ingen lystseilas verken for skjøkjene, straffangane
eller for dei kommande koloniadministratorane. For å komma ut i
Atlanteren legg dei, som vanleg er på denne tida, først kursen
nordover. Men veret over Nordsjøen er så elendig at då
"Færø" langt om lenge har komme seg nord av Skottland
og skal gå ut i Nord-Atlanderen, er skuta så lekk og i det
heile i så dårleg forfatning at ho må gjera vendereis
og gå tilbake til Bergen for å få utbetra skadane. Og
det viser seg å vera eit omfattande arbeid som tar lang tid.
Opphaldet på den bergensk beddinga kjem til å vara i heile
tre månader. I løpet av denne tida ser fleire av dei tvangsutskrivne
danske emigrantane sitt snitt til å rømma i land og bli borte
for godt. Den kalde og regnvåte vinteren på det norske Vestlandet
skræmer mindre enn utsiktene til vidare sjøreise med "Færø",
og eit nytt liv i varmare land.
Då "Færø" omsider er reparert og sjøklar
igjen, er skuta såleis alvorleg underbemanna. Dette problemet løyser
den kommande guvernøren over St. Thomas enkelt og effektivt ved
å fylla opp dei tomme plassane med norske straffanger frå
fangehola på Bergenhus. Det nye mannskapet og dei nyutplukka karibiske
kolonistane var såleis vestlendingar som var dømde til slaveri
på festninga i Bergen. Frå heile den vestnorske landsdelen
vart arme syndarar førte hit for å sona brotsverk som blasfemi,
trolldom, desertering, overfall, grove tjuveri og manndrap, men også
utukt og blodskam etter Moseloven. Fleirtalet av dei innsette på
festninga kom likevel truleg frå Bergen by, som på denne tida
både var ein nordeuropeisk storby og ein stor innflyttarby. Berre
rundt 25-30 prosent av byfolket av truleg fødde i sjølve
Bergen, ei like stor gruppe var innvandra frå utlandet, medan resten
for det meste kom frå landsdelane omkring. Med nytt mannskap rekruttert
frå dette fargerike fellesskapet prøvde "Færø"
seg på Nord- Atlanteren på ny.
Den aller første nordmann som gjekk i land i Sør-Amerika
var kunstnar og ideologisk flyktning frå reformasjonen. Den andre
var soldat og eventyrar i Brasil. Den første gruppa av norske utvandrarar
til Amerika var straffanger frå Vestlandet. Soga om den kollektive
norske emigrasjonenen til Amerika startar altså med ein flokk kriminelle
bergensarar, strilar, sogningar, hardingar og vossingar som ikkje reiste
til Den nye verda av eigen fri vilje, men vart tvangsutskrivne, lagde
i jern eller tukta av den nihala katten til å vera med på
vegen mot fridommen. Og reisa starta nærmast ved eit tilfelle, eller
ved eit hendeleg uhell.
Kor mange av desse tvangssende vestlendingane som til sist nådde
fram til Den nye verda, er likevel usikkert. Først sju månader
etter at ho forlet København - og fire månader etter avreisa
frå Bergen - kunne "Færø" 26. mai 1672 ankra
opp i den gode, naturlege hamna på St. Thomas. Av dei 190 personane
som var ombord ved avreisa, var 77 kvinner og menn døde undervegs,
blant desse ikkje mindre enn ti av dei til saman tolv utsende kompanifunksjonærane.
Av dei som meir eller mindre svekka av sjukdom og feilernæring til
sist kom fram til Vestindia i live, var det så berre rundt ein fjerdedel
som overlevde dei første sju månadene på St. Thomas.
Og det gjekk heller ikkje stort likare med dei som seinare var med på
vestindiske ekspedisjonar frå Danmark-Norge. Historiskaren Jens
Vibæk har rekna ut at av dei 324 personane som i perioden 1671-75
reiste ut til Vestindia frå København, var det berre 64 som
overlevde reisa og det utsette første halvåret etter at dei
gjekk i land i tropeparadiset.
"Det var", seier Vibæk, "næmlig fuldud så
usundt at være sømand på overrejsen som at være
neger. I årene fra 1777 til 1790 havde der på de danske skibe
i negerfarten været påmønstret i alt 2004 søfolk,
af hvilke 691 havde sat livet til." Til samanlikning døydde
gjennomsnittleg 15 prosent av slavane under overfart frå Vest-Afrika
til St. Thomas og St. Croix.
Forklaringa på desse tala er enkel og logisk: Som handelsvare hadde
slavane kontant direkte nytteverdi, medan straffangane som ofte utgjorde
mannskapet ombord berre hadde sin bruksverdi som kunne erstattast meir
og mindre kostnadsfritt med nye fangar. Dette er elementær kapitalisme.
Skipperen på slaveskutene var økonomisk ansvarleg for kvar
einskild slave i lasta, men ikkje for mannskapet som frakta dei.
© Bergen Off. Bibliotek
|