SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

Tekstutdrag frå
Stå med glans
(Dikt fra Dalen Portland)


STÅ MED GLANS

Den raude dagen fell mot vest
Og vinden held sin pust
Og kvelden kler seg opp til fest
I stilig mørk august
Då byd eg opp på Folkets Hus
I Store Sal, til vals
Og svingar jenta som ein bus
Med arm om hennar hals

Der kviskrar eg til jenta mi
Du ser jag kjører kran
Men denne helga har jag fri
Og festar som ein fan
Du ser dei gir oss lusalønn
Og kallar oss for ramp
Men aldri faen, ikkje bønn
Gir vi oss utan kamp

Slik dansar vi på Folkets Hus
Glir tett som not og fjær
I lukt av dobbeltrensa rus
Og du er varm og nær
Og smidig kropp i blomstra tøy
Som pressar mot mitt bryst
Og ropar Det var himla skøy !
Og ler av hjartans lyst

Men det er ingen skulegut
Som tar deg fast i hand
Og fører deg på golvet ut
Det er ein arbeidsmann
Som dansar mot ein stor bedrift
Mens Ewald drar sin belg
Og rundt oss dansar Westin skift
og Lien neste helg

Musikken spelar opp ein flat
Du ropar Takk for den !
Eg rotar rundt i surr og prat
Men lufta om meg brenn
Då kjem du over ope golv
Eg rettar slipps og dress
Når alle klokkar dundar tolv
Gir du meg Damenes !

Men natta lid og strekkjer ut
Sin morgonkvite kropp
Med elv og fjord og skog og nut
Der dagen flammar opp
Der sola stig og står og står
Og strålar med sin glans
Då kjem du sakte før vi går
Saman heim frå dans



© Bergen Off. Bibliotek