|
Tekstutdrag
frå
Kron og mynt
Ein dag nokre veker seinare kjem Johann Michelsen Neocorus på visitas.
Indian summer varer framleis. Det er på kveldstid, men framleis
heller lyst ute. Neocorus kjem med dei sit og et, men Lydia bed han ikkje
til bords.
Javel, seier Eliseus Seland og tygg vidare.
Kva går det med ?
Ruslar og går.
Då signar Johann Michelsen Neocorus maten og set seg til nede ved
døra og ventar. Ein etter ein trekkjer først Pål,
så brørne hans ut av stova. Neocorus helsar. Dei nikkar.
Lydia tar av bordet. Ho ståkar ute på kjøkkenet. Eliseus
Seland sit ved bordenden. Berre Mons ligg att på bordet. Han mél.
Mons er ein brandete hannkatt, med tjukk pels og farge som ei løve.
Du får tukka deg bortåt, seier Eliseus til Johann Michelsen
Neocorus.
Nå blir det akter, tenker Lydia, som står i naborommet og
høyrer kva han seier. Og denne gongen har ho rett. Det blir akter.
Vinden leikar med kniplingsgardinet. Vindauga riksar i haspa. Ved bordenden
stryk Eliseus Mons over pelsen, igjen og igjen, meir og meir elektrisk.
Med den andre handa under det gode øyret lyttar han på kva
Johann Michelsen Neocorus har å seia.
Og Johann Michelsen Neocorus snakkar, som best han har lært på
det teologiske fakultetet, og som best han kan, ut frå det han har
lært i livets skule. Og det blir ikkje dårleg. Han beklagar
seg og seier seg lei. Han har med Gud i himmelen på si side, pluss
bispen i Kristiansand, pluss ei bøn om tilgivelse, som han seier.
Eliseus Seland svarar ikkje. Han stryk og stryk den elekriske kattepelsen.
Mons, fullada, slikkar skåla, skyt rygg, stikk halen i veret.
Og Johann Michelsen Neocorus snakkar. Snakkar og snakkar. Om bot og anger.
Om steinar på hjarta, om bjelkar og splintar og rusk i auga. Om
klint og om kveite, om bukkar og havresekkar. Og om Guds vilje.
Eliseus har stroke Mons så mange gonger at pelsen er like sjølvlysande
som eit kattauga. Mons strekkjer seg, durar og mél. Halen skyt
i veret.
Det skumrar. Dei må tenna i lampen. Det er lummert. Indian summer,
seier Johann Michelsen Neocorus. Eliseus svarar ikkje, brummar berre,
som eit torevér lågt i horisonten. Guds vilje. Og miskunn.
Idet Johann Michelsen Neocorus seier desse orda, løftar Eliseus
Seland handa som stryk katten over pelsen. Med den andre handa, den han
har hatt under augo, knipsar Eliseus køddane til katten. Han knipsar
katten i køddane. Katten er elektrisk. Det lyner av han. Eliseus
knipsar køddane til katten slik at Mons set i eit skrik, eit barneskrik
liknar det på, skyt fart fram over bordet, treffer først
parafinlampen som set fyr i den elektriske pelsen, støyter mot
andletet til Johann Michelsen Neocorus før han får sukk for
seg, og fér derifrå som eit flammande hjul ut i den varme
haustkvelden, medan skriket fordoblar seg og folk på nabogardane
og utover i grenda trur det er sola som har komme heilt ut av lage, og
går opp for andre gong på same dag. Hvis det då ikkje
er ein komet, med kattehalen som lysande komethale. Men det er det ikkje.
Det er den brennande katten til Eliseus Seland, Og den går ned,
stygt forbrent.
Eliseus Seland såg etter korleis det gjekk med Mons. Det gjekk ikkje
så bra. Så hjelpte han den brannskadde Johann Michelsen Neocorus
på beina, viste han døra og viste han vegen heimover.
Der fann dei han, i villreide ute på vegen, utpå formiddagen
neste dag. I mange år måtte Johann Michelsen Neocorus preika
for kyrkjelyden med ryggen til, og går ennå rundt med høg
kvit krage og er sterkt brennmerkt i andletet. Ja, slike dritsekker får
det dei fortener, sa Eliseus Seland filosofisk. Men sidan lyste det av
presten Neocorus. Det er beskrive. Det sto eit lys om han. Det hadde ikkje
Eliseus tenkt på. Han loga. Orda hans sto i brann. Han talte i eldtunger.
Han var ein geistleg komet. Hans bane var stigande. I alle tesestridar
var han ein katt med ni liv. Når du steikjer katten, så tenk
at det er svin.
På Seland forstår dei etter kvart som dagane går at
det ikkje er sola som har komme ut av lage. Det er ein komet som har lysande
hale, han har vore nær jorda på småbruket Sækjå,
og som nå er på veg utover i solsystemet igjen, mot ein posisjon
i nærleiken av stjernebiletet Kassiopeia.
© Bergen Off. Bibliotek
|