|
Om Kjartan Fløgstad
av Atle Kittang
Dei siste åra har det vore tilløp
til eit aldri så lite ungdomsopprør mot Kjartan Fløgstad.
Yngre forfattarar og kritikarar har funne ting å utsetje på
den politiske haldninga i bøkene hans -- den dels nøkterne,
dels nostalgiske solidariteten med ein kvervande industriarbeidarkultur
som så mange av bøkene hans spring ut av, skildrar og hyller.
Å vere skyteskive for ungdommeleg kritikk er ein lagnad Fløgstad
deler med sin generasjonskollega Dag Solstad. Men det er ingen tvil om
at denne lagnaden er eit teikn på kvalitet. Etterkomarar, understrekar
den amerikanske kritikaren Harold Bloom, vil alltid vende sin "angst
for påverknad" mot dei aller største av forgjengarane.
Og at Fløgstad tilhøyrer dei fremste nordiske romanforfattarane
i vårt hundreår, er det ikkje lenger tvil om.
Men Kjartan Fløgstad, fødd 1944 i Sauda, den viktigaste
industristaden i Ryfylke, debuterte likevel på ein heilt annan arena,
nemleg som høglitterær poet. Han var tydeleg inspirert av
ein klassisk modernisme med røtter hos Rimbaud og Mallarmé,
og med Claes Gill som eit norsk førebilete. Men at Fløgstad
også hadde lese både spansk og tysk barokkdikting var like
tydeleg. Begge desse impulsane kjem til uttrykk i titlane på dei
to diktsamlingane han gav ut på 1960-talet: Valfart (1968) og Seremoniar
(1969). Vi aner ei form for aristokratisk eksistensialisme som også
gir seg til kjenne i den første prosaboka hans, Den hemmelege jubel
(1970). Med alle sine referansar og allusjonar til eksistensialistiske
heltar som T.H. Lawrence, Ernst Jünger, Albert Camus og Régis
Debray, fører denne boka ofte tankane til den engelske essayisten
Colin Wilson som var ein kultforfattar ti år tidlegare. Men andre
sider ved Den hemmelege jubel ber enda klarare bod om kva slags forfattarskap
Fløgstad etterkvart skal utvikle. Alt her ser vi kor mykje han
har lært av den moderne latinamerikanske litteraturen. Spelet med
prosaens ulike former og genrar viser til argentinaren José Cortázar,
men enda meir til den moderne argentinske litteraturens far, Jorge Luis
Borges, som gjennom heile Fløgstads verk kanskje er den mest permanente
av dei latinamerikanske påverknadene.
Frå nå av er Kjartan Fløgstad prosaist først
og sist. Det betyr ikkje at han definitivt vender poesien ryggen. I 1973
gjendikta han Dikt i utval av Pablo Neruda, og publiserte dessutan Litteraturen
i revolusjonen. Dikt frå Cuba. Seinare har han gitt ut spreidde
gjendiktingar bl.a. av den britiske poeten Tony Harrison og av arabisk
samtidspoesi. Og rundt omkring i romanane hans finn ein lause dikt innfletta,
enkle og formmessig konvensjonelle, ofte med tydeleg slektskap til visetradisjonane.
I 1993 samla Fløgstand heile sin poetiske produksjon i Dikt og
spelmannsmusikk 1968-1993. Da hadde han alt fleire år tidlegare
kvittert for sine impulsar frå Claes Gill med å skrive biografien
Portrett av eit magisk liv. Poeten Claes Gill (1988). Som tittelen antyder,
er det slett ikkje teatermannen og den konservative kulturpersonlegdomen
frå etterkrigstida som interesserer Fløgstad, men vagabonden
og poeten med oppvekst i eit vestlandsk industriarbeidarmiljø (Odda),
som hadde sine læreår til sjøs, og som gjekk på
loffen i Latinamerika og andre framande kontinent.
Ei liknande fordobling av miljø og lagnadsmønster (Vestlandet
og det eksotiske utland, bufast liv og vagabonderi) skulle kome til å
prege Fløgstads prosa gjennom store delar av 1970-talet. Dei første
prøvene på hans spesielle form for dirty realism finn vi
alt i Den hemmelege jubel: små presise skisser frå sjømannens
og industriarbeidarens kvardag, som brått vrenger seg inn i B-filmens
bilete og stilmønster. Vi aner i bakgrunnen Fløgstads eigen
heimby Sauda, ein av desse vestnorske industristadene som er slike typiske
emblem på det moderne Norge. Men vi aner også hovudlinjene
i det som etterkvart skal forme seg til eit av dei mest ambisiøse
romanprosjekta i norsk etterkrigslitteratur. Den fine prosasamlinga Fangliner
(1972) og romanen Rasmus (1974) representerer begge eit førebuande
stadium av forarbeid og stiløvingar. Men med Dalen Portland (1977)
faldar romanforfattaren Fløgstad seg ut for alvor. Det kom nok
overraskande for mange at denne romanen skulle vinne den prestisjetunge
Nordisk Råds Litteraturpris i 1978. Men eit kresent nordisk publikum
fekk nå syn for at romanar kunne skrivast på heilt nye måtar
-- også i Norge.
Kjartan Fløgstad har gitt ut 6 store romanar etter Dalen Portland.
(I tillegg kjem to kriminalromanar som han skreiv midt på 1970-talet
under pseudonymet K. Villun.) I alle desse romanane finn vi i ulike doseringar
drivkreftene i Fløgstads kunst: burlesk fantasi, realistisk presisjon,
sosiologisk klarsyn, og ein kritisk vilje som oftast hentar sine grep
frå den satiriske tradisjonen. Saman gjer dei romanane hans til
mektige forsøk på å tolke i skrift og fiksjon dominerande
prosessar i det ytre og indre livet som har prega Norge i det 20. hundreåret.
Frå éin synsvinkel er Fløgstad opptatt av å
skildre dei økonomiske og sosiale overgangane frå eit jordbrukssamfunn
til eit indistrisamfunn, og frå eit industrisamfunn til eit postindustrielt
samfunn. Han diktar opp ein lite vestlandstad som han kallar Lovra, og
som har mykje til felles med både Sauda og Odda. I dette mikrouniverset
lar han dei grunnleggande prosessane utkrystallisere seg, aller tydelegast
i Dalen Portland og i den meisterlege Fyr og flamme (1980). Dette skjer
med ein presisjon, ein stilsans og eit blikk for historiske dynamikkar
som syner at han kunne ha vore vår fremste realist, om det var det
som var poenget hans. Men Fløgstad er ein teoretisk og filosofisk
velskolert forfattar. Han veit at "realismen" er ein skrivemåte
blant andre skrivemåtar, inga "sanning" om mennesket og
samfunnet, men snarare ein reduksjon og ei forenkling. Ei romanform som
skal kartlegge det moderne mennesket i all sin historiske kompleksitet
må difor vere "urein". Den må blande ulike skrivemåtar,
fjerne skillet mellom "høgt" og "lågt",
det kroppslege og det åndelege, gi rom til livets burleske sider
og -- ikkje minst: dra konsekvensane av at litteraturens særeigne
potensial for erkjenning kviler på fantasiens kraft.
Ved sida av den såkalla "magiske realismen" i latinamerikansk
romankunst, er det først og fremst frå den russiske filosofen
og romanteoretikaren Mikhail Bakhtin at Fløgstad hentar sine avgjerande
impulsar i den perioden da hans store romanprosjekt tar form. Og hos Bakhtin
er det særleg teoriane om "karnevalisering" og analysane
av François Rabelais' romankunst som har sett merke. Fløgstads
samfunns- og kulturkritikk er som regel ein kritikk "nedanfrå":
Den er solidarisk med haldningar og fantasimønster i ein populærkultur
som den også hentar sine eigne bilete og stilmodellar frå.
Samstundes skaper romanane sine eigne mytografiske mønster -- figurar,
situasjonar og hendingar som rett som det er går Rabelais sine burleske
fiksjonar ein høg gang.
I Fyr og flamme spelar Fløgstad på alle sine register i skildringa
av utviklinga (og avviklinga) av det industrielle Norge. Romanen er bygt
opp kring den proletariske helten Hans Hertingen, som vi også møter
i seinare Fløgstad-romanar. Hertingen er langt meir ein myte enn
ein realistisk skildra industriarbeidar. Men det er nettopp desse mytiske
dimensjonane (dels med direkte etterlikningar av motiv hos Rabelais) som
gjer han til ein av dei mest uforgløymelege figurane i norsk romankunst.
Samstundes framstiller Hertingen den proletariske kulturens undergang
og død slik det kjem så beiskt til uttrykk i scenen mot slutten,
der den gamle proletaren ligg for døden, innsurra i den moderne
medisinske teknologiens virvar av slangar og kablar. Fyr og flamme er
nok både nostalgisk (i forhold til industrisamfunnets glansdagar)
og satirisk (i sin bitre kritikk av menneskas latterlege sprell i eit
postindustrielt samfunn). Men romanen har i seg sjølv eit driv
og eit overskot som dementerer både nostalgien og desillusjonen.
"I kraft av sin egen vitalitet peker romanen ut av det dødvannet
den framstiller" -- slik lyder Øystein Rottems råkande
karakteristikk av ein av dei verkeleg store romanane i nordisk etterkrigslitteratur.
Etterkvart som dei marknadsliberalistiske samfunnskreftene blir meir og
meir dominerande, både internasjonalt og her heime, kan det sjå
ut til at den vitaliteten som pregar Fløgstads skrift i ein roman
som Fyr og flamme, gradvis vik plass for svartsyn og desperasjon. Dette
er spesielt tydeleg i Fimbul (1994), ein roman som skildrar og utforskar
den type politisk desperasjon som fører til den terroristiske handling.
Mange har meint at dette er ein av Fløgstads svakaste romanar.
Det er slett ikkje sikkert at den karakteristikken held stand. Men det
er udiskutabelt at Fløgstad i denne romanen har gitt avkall på
litt av det språklege og fantasimessige overskotet som pregar nokre
av dei andre store verka i forfattarskapen. Fimbul er Fløgstads
store "vinterroman", og i så måte kanskje hans mest
konsekvente.
Ved sida av Fyr og flamme er det først og fremst Det 7. klima (1986)
og Kron og mynt (1998) som ruver hos Fløgstad, både i omfang
og i kvalitet. Det 7. klima er dels ein samtids-satire over typiske trekk
ved det postindustrielle samfunnet og dei "virtuelle realitetane"
som dette samfunnet produserer, dels ein metaromanesk refleksjon over
kunstens vilkår. Og alt i alt er den Fløgstads "vanskelegaste"
(men også mest eggande) roman. Da den kom ut, gav den støyten
til diskusjonar om i kva grad Fløgstad var blitt "postmodernist".
I dag ser vi klarare at romanen nyttar postmoderne grep til å kritisere
typiske trekk ved det postmoderne samfunnet. I Kron og mynt derimot fører
refleksjonane over kunstens vilkår både diktar og lesar tilbake
til den barokken som var så viktig for Fløgstad i den første
fasen av forfattarskapen. Romanen inneheld bl.a.dei mest fantastiske tolkingane
av barokk kyrkjekunst som nokonsinne er skrivne. Samstundes er samtidssatiren
enda eit hakk kvassare enn i tidlegare romanar. Denne gongen går
den først og fremst ut over den moderne broiler-aktige politikartypen
som dominerer i vår "verkelege verden" nå ved hundreårets
slutt. Og som i alle andre Fløgstad-romanar vrimlar det av fantastiske
figurar og burleske historier. For denne romanen og for heile sin forfattarskap
fekk Kjartan Fløgstad den store Gyldendal-prisen i 1999.
Kjartan Fløgstad er også ein intelligent, kunnskapsrik og
velskrivande essayist som i sakprosaen sin reflekterer teoretisk over
tema og kultursituasjonar han har gitt fiksjonens form i romanane. I alt
fem essaysamlingar har han gitt ut, frå Loven vest for Pecos (1981)
til Antipoder (1996) og Dei ytterste ting (1998). Dei har alle saman spela
ei viktig rolle i den norske kulturkritikken. Sine vedvarande interesser
for kombinasjonen Latinamerika, emigrasjonen og eksilet syner han nok
ein gong i den seinaste boka si -- ei dokumentarisk framstilling av lagnader
til nordmenn som utvandra til Argentina. Eld og vatn er tittelen som Fløgstad
har gitt denne boka frå 1999, og den er skriven i solidaritet med
dei som trudde at eit betre liv let seg finne på den andre sida
av det store havet. Det er desillusjonerte historier Fløgstad formidlar,
men han har fyllt dei med den varmen og sympatien som så ofte grip
oss i denne eineståande forfattarskapen.
Atle Kittang 20.12.99,
Professor, dr. philos. ved Institut for lingvistikk og litteraturvitenskap
ved Universitetet i Bergen.
Professor II i allmen litteratur ved NTNU i Trondheim.
Medlem av: Det norske videnskapsakademi. Vetenskapssocietetet i Lund
|