SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

Tekstutdrag frå
Dalen Portland


Men nei, det blei skulevegen for meg, først til Øystese og så til Bergen. Dagen før eg skulle reisa til Øystese og begynna på landsgymnaset, sa Durdei til meg:
Rasmus.
Ja.
I morgon skal du reisa vekk og gå på skule. Du kjem til å mista kontakten med mange ting her heime. På mange måtar vil du bli heimlaus og rotlaus heile resten av livet. Hadde du vore fødd nokre år seinare, måtte du reist bort enda tidlegare, for å gå på linedelt ungdomsskule. Og det er slik me vil ha det, skjønar du det ? Me som har gått 7 år på ein elendig udelt landsfolkeskule (du visste vel ikkje at det var forskjell på normalplan for by- og landfolkeskulen du eingong ? Landsungar trong ikkje læra så mykje, litt salmevers og forklaring klarte seg lenge), me vil at ungane vår skal gå så lenge dei vil på ein skule som er jamgod med den beste byskule, som er oppdelt i klassar med 30 elevar på same alderstrinn, som har fysikksal og gymnastikksal og mediatek og kva det nå kjem til å heita, og der lærarane har lært seg gramatikk og trigonometri og fransk på universitetet og ikkje er seminaristar som snakkar i sju lange og sju breie om Olav Tryggvason som gjekk utanbords på årane, eller fortapar seg i imperialistiske fantasiar om Noregsveldet, med Dublin, Vinland og Isle of Man. Slik er det me vil ha det, og derfor må det byggjast sentralskular, som du må reisa til når du er 15 år gamal. Forstår du det ?
Ja.
Og i haust skal morbror Sylfest slutta å driva garden på Høysand og reisa ut til Jørpeland og få seg jobb på stålverket. Eg vil ikkje at du skal gå rundt å ha vondt av han eller meg av den grunn. Det får du ikkje lov til. Det er det beste som har hendt. Eg vil at dei gamle gisne husa på Høysand skal detta ned før vinteren er over, at steinane i tufta blir brukte til å byggja ein ny firefelts motorveg der bilar av siste modell kan kjøra i 90 km i timen bort frå armoda, og eg vil at jorda på Høysand skal gro til med høymol og tistlar og brennenesler som står tett i tett oppover dei skakke bøane, og at ingen skal sjå at her har det måtta bu folk, og at ugraset er svart av eksos og vegstøv. Og eg vil at alle etterkommarane etter gamle Høysand skal bu i Odda eller i Fyllingsdalen eller på Grorud i eiga blokkleiligheit eller rekkehus med innlagt varmt og kaldt vatn og vassklosett og TV og vaskemaskin og mixmaster og inlaidgolv som ikkje treng skurast, og kjøra ned på fabrikken i eigen bil, og finna ein god og romsleg og velasfaltert parkeringsplass og gå inn gjennom fabrikkporten saman med andre velkledde arbeidsfolk som er velorganiserte i LO på solidarisk grunnlag og som nettopp har ete seg gode og mette på næringsrik middag frå Supermarknaden, og at dei som produserer maten skal bu på Jæren eller Danmark eller Amerika eller i Russland for den del og kjøra rundt på bøar som er fleire mål store, med høyvender og slåmaskinar og hestariver og skurtreskarar og ikkje gå med ein støttorv oppunder høgaste nutane og trilla høyet heim i rodda på vinteren for å kunna fø på ein sau. Forstår du det ?
Ja.
Og om nokre dagar skal eg leggja meg inn på sjukehus for å operera vekk det eine brystet. Da skal eg reisa inn til Bergen og leggja meg i ei kvit og nyoppreidd seng på eit lyst og triveleg rom på Haukelands Sjukehus med laboratorier med alt det nyaste utstyret på alle kantar og kroppsingeniørar i kvite frakkar skal stå rundt senga med røntgen og EGK og intravenøst og nikka på dei kloke hovuda sine og sjå ned på kroppen min som om det var ein Stang eller Mohr eller Vogt eller Christie eller Heuch eller Sibbern eller Selmer eller Hagerup og ikkje Durdei Høysand dei skulle stilla diagnosen på. Og eg skal få den beste behandling og det beste stell og fint tillagd mat og bli bukka ut gjennom dørene når eg er frisk og er kommen skikkeleg til krefter igjen, utan å betala eitt øre, for eg har betalt skatt og trygder heile mitt liv. Og ingen barfotlegar skal få nærma seg meg med førstehjelpsveskene sine medan rikfolka i byane blir opererte av dokterar med dyre italienske skinnsko på spesialsjukehus. Derfor må me ha helsesenter og store sentrale sjukehus. Forstår du det ?
Ja.
Dei som blir unge i søttiåra kjem ikkje til å forstå dette. Og det blir mange ting i søttiåra som me ikkje kjem til å forstå me som blir gamle heller. Men slik er det me tenkjer, og slik vil me ha det til me døyr iallfall, og me vil ha Arbeidarpartiet til å gjera det for oss. Og eg vil at du skal lova meg ein ting når du blir kommunist , som du vil bli, fordi all oppvakt ungdom i søttiåra kjem til å bli det, og det er at same kva du gjer, så må du aldri reisa rundt og gjera deg stor på å snakka om det sosialdemokratiske helvetet. Forstår du det ?
Ja, sa eg, og svelgde. Eg forstår. Eg lovar.
Da kan du reisa.
Alt dette hadde eg bak meg den augustkvelden da eg sat aleine blant postsekkene (med brev og pakkar til utflytta hardingar) og kassar med fosseple og seftaholm på bussen over Kvamsskogen med pappkoffert og laminert frakk og kvit nylonskjorte og slips, på veg til Handelshøgskulen i Bergen, som hadde teke meg opp. På ekspedisjonskontoret ute på den skulen låg det også eit lån på 4 000 kroner (fordelt på 2 000 i kvart semester) frå Statens Lånekasse for Studerende Ungdom og venta på meg, for nå var det slutt på at folk måtte på bygda og få skrive på, veksel, når den eine sonen (av til saman 14 ungar) skulle av stad på professorskulen. Nei, meg var det Staten som investerte i, og satsa pengar på. Men eg kjende ansvaret like tungt.


© Bergen Off. Bibliotek