|
Tekstutdrag
frå
Dei ytterste ting
IV
I takt med framvoksteren av industrialismen blei det i Europa og Nordamerika
på attenhundretalet oppretta folkeskule for alle, postvesen, jernbanenett,
folkebibliotek, telegraflinjer og offentlege helseinstitusjonar. For å
regenerera arbeidskrafta og for å få eit stadig meir komplisert
samfunn til å virka, måtte dei moderne industristatane bygga
opp ein infrastruktur av offentlege tenester som kunne motvirka og sivilisera
den rå pengemakta. I den nåverande, om vi seier seinmoderne
eller ettermoderne fasen, er utviklinga av kapitalismen prega av at informasjon
og kommunikasjon, med tilhøyrande teknologiske attributt, er i
ferd med å bli den viktigaste forma for kapital.
Når informasjon løyser av arbeid som den sterkaste strukturskapande
og samfunnsformande kraft, blir informasjonen så å seia kapitalens
grunnform. I utvikla samfunn har dei sentrale oppgåvene innanfor
informasjon og kommunikasjon heilt fram til i dag vore offentlege vesen
og tenester med truskuldige namn som kraftforsyninga, rikskringkastinga,
elverket, telegrafen, posten og statsbanane, for ikkje å snakka
om folkeboksamlinga.
Men i same grad som informasjon blir kapitalens grunnform, er det god
kapitallogikk å omforma denne typen statlege vesen og tenester til
private aksjeselskap som pr. definisjon ikkje har andre formål med
drifta enn å auka si eiga forteneste. Dei siste par tiåra
har denne privatiseringsprosessen vore nyliberalismens viktigaste kjenneteikn.
Og den har hatt stort politisk gjennomslag. I staden for statlege vesen
og verk har vi i dag Telenor Conax og Telenor Mobil, Oslo Energi Holding
og TV 2, 3 og 4. Den matematiske formelen her er for eksempel NRK 1 +
NRK 2 = Oslo 3 + TV 3.
Men erfaringa (m.a. frå Latinamerika) viser at også slike
privatøkonomiske kommunikasjonssystem har to sider, slik at dei
prinsipielt kan virka begge vegar. Apparat for ideologisk kontroll er
potensielle apparat for ideologisk motstand.
På det politiske planet ser vi at informasjonsrevolusjonen omskaper
forholdet mellom sentrum og utkant. Ut frå forståingshorisonten
frå industrisamfunnet er det lett å forveksla urbanitet med
modernitet, og teknologisk nivå med byliv. Men ikkje minst i våre
dagar trenger spydspissane for den teknologiske utviklinga ofte først
inn i dei geografiske utkantane, noko alle som kjenner litt til oljeindustrien
vil ha sett på nært hald.
Datamaskinar, fax og internett fører også til større
endringar av livet i utkantstrøk enn av bylivet. Vi som bur sentralt
i Oslo 1, 3, 8 osv. kan treffast på Theatercafeen, gå ned
til UB og låna boka (og rett nok få den utlevert etter klokka
12 neste dag), eller senda det siste innlegget i debatten om semiologiens
vareformer i drosje ned til VGs redaksjon. I ein slik situasjon er vi
sjølvsagt langt mindre avhengige av fax og internett og mobiltelefon
enn om vi bur på Røros eller på Røst. Den teknologiske
utviklinga, seier Hobsbawm i Ekstremismens tidsalder, har praktisk talt
avskaffa "de kulturelle fordelene byene hadde hatt framfor landsbygda".
Under informasjonskapitalismen bur vi alle i språkets metropol,
i eit Logopolis, der sentrum til dømes kan liggja både i
Aracataca i Colombia eller i Ulvik i Hardanger.
På liknande vis ser vi at medan bilismen riv byen sund og kveler
den, bind den landsbygda saman. Det er med andre ord mykje som tyder på
at det er dei klassiske urbane vanane, livsformene og verdiane, med eit
stort ord: sivilisasjonen, som er truga av den teknologiske utviklinga,
medan landsbygd og teknikk går godt saman. Gamlebyen i Oslo er meir
øydelagd enn Nesseby i Finnmark. Men den sosiale og geografiske
utkanten har ofte dei same problem, og samanfallande interesser. (Ein
skilnad er sjølvsagt at finnmarkingane har 200 år lenger
røynsle med fleirspråkleg, fleirkulturelt og fleiretnisk
samliv enn Oslo-folk.)
I informasjonssamfunnet kan det derfor sjå ut som om byane er meir
utsette sosiotopar enn utkantane. I dei kapitalistiske storbyane ser heller
ikkje eingong dei mest storslåtte materialstrukturar ut til å
vera fullgod naudbrems mot uhemma rasering. Medan dei sosiale, geografiske
og estetiske utkantane byr på intakte livsformer som ikkje er koloniserte
av den meir og meir kapitalstyrte systemverda.
Desse livsformene treng slett ikkje vera reaksjonære, antimodernistiske
eller postmoderne. Tvert om kan dei peika fram mot ein alternativ modernitet,
som er bygd på kulturelt, språkleg, urbant og agrokulturelt
mangfald, ikkje på kapitalismens nivellerande einsretting aleine.
© Bergen Off. Bibliotek
|