|
Tekstutdrag
frå
Barnet
| s. 62
FREDRIK
Det er jo snilt av henne
å kjøpe blomar til deg
AGNES
Ja
Kort pause
Men dei er no til oss
FREDRIK
Ikkje noko å bli trist for
det vel
AGNES
Nei
Men eg blir no trist likevel
Fredrik nikkar. Evelyn kjem inn kjøkkendøra, ho ber
på to
tomme vinflasker
|
Dunaújvárosi Kamarszínház,
i Dunaújváros, Ungarn, 1997
|
| s.
119
LEGEN
Ja no er de nok trøytte
begge to
De får prøve å få sove litt
SJUKESØSTERA
mot legen
Eg har sagt at vi kan kjøre inn ei seng til han
Nikkar mot Fredrik
LEGEN
Fint
Kort pause
Og no er prøvene alt gått til laboratoriet
Straks dei kjem tilbake
veit vi meir
SJUKESØSTERA
oppmuntrande, ser mot legen
det kan gå bra
det her |
Turun Kaupungin Teatteri i Åbo, Finland,
1998
|
|
LEGEN
Ja ja
Kort pause. Han ser mot Fredrik og Agnes
Men strengt tatt
er vel ikkje utsiktene dei beste
Kort pause
Ja de vil vel gjerne få vere litt i fred
Legen går mot døra, går ut, sjukesøstera
følgjer etter han
|
Teater Giljotin i Stockholm, Sverige, 1997
|
|
s. 142
AGNES
Når du kjem heim må du pakke ned barnetøyet
og så
FREDRIK
Ja
AGNES
Og strikketøyet
Du kan pakke det ned i ei øskje
Fredrik nikkar
og så må du
setje det opp på loftet eller noko
FREDRIK
Ja
Kort pause
AGNES
Og så må du ringe til mor
Kort pause |

Nationaltheatret i Oslo, Norge, 1996
| "Barnet" har
også vore oppført på "The Gate Theatre",
London, 1998 og er spelt inn som fjernsynsteater i Polen |
|
© Bergen Off. Bibliotek
|