SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

Tekstutdrag frå
Dikt


Hundens bevegelsar, 1990

Dikt 11

når hjarta er ei måne
i kvelden
er regnet også der
og forteljinga
i kroppen
er fjellas
linjerørsle
langs himmelen
der inne


II
eg får ikkje sove
trøttheten er
som laust gras
i kroppen

Nye dikt, 1997

ALLE SER

når eg igjen og igjen
fell ned i desse ubegripelege klangar
fylte
og samstundes
vende bort mot noko anna
i si tunge
og uskjønelege forståing
Det hender vel då at eg ikkje vil meir då
der eg sit
ved eit vindauge
og ser mot rørslene i skyene
og mot rørslene i vatnet
Eg vil ikkje meir
Eg er åleine
i eit fuktig svev
av tillært einsemd
og eg stryk med handa over ansiktet
Eg sit der
Eg sit der i ei våt lysande rørsle av mold og mørker
som er meg
i meg
Eg gir meg, tenkjer eg
No er det nok
eg gir meg
tenkjer eg, og så er det brått
ikkje eg som ser, men eit
auge frå dei alle saman
ser og ser
igjennom meg
og ser meg
som det eg ser
Og eg ser meg smile og ser at auga mine fyllest
Og eg ser at eg er til stades inne i ei lykke som eg aldri
kan gløyme

SÅ LENGE SIDAN DEI ANDRE

kva er det vi gjer på medan
det mørknar og huset blir kaldt og det blir endå mørkare
og vi er redde der vi held på med kvar vårt og
vi tenkjer at no må ikkje nokon reise frå oss
då vil vi vel ikkje klare å bu vidare i huset
då må vi vel reise bort for trea bakkana sjøen alt er mørkt
og svart når vi er åleine og det er så lenge sidan dei andre



© Bergen Off. Bibliotek