|
Tekstutdrag
frå
Du å du
Hundemanuskripta 2.
Men
kva, tenkte Olav, kva skulle dei vel seie til dei to fine byhundedamene
om dei trefte dei? Ikkje visste han, og skogahunden Bård visste
det nok ikkje han heller, for om dei trefte dei to fine byhundedamene
kom nok ikkje Bård til å seie eitt ord, då kom han til
å vere så brydd og flau at han knapt kom til å løfte
på auga, tenkte Olav, så skulle då noko bli sagt, måtte
han vel seie det sjølv, det var han sikker på, tenkte fjordahunden
Olav og så høyrer han Bård bak seg seie lågt
at der! der kjem dei jo! der framme! dei kjem gåande mot oss, dei
to fine damene kjem gåande mot oss! høyrer han skogahunden
Bård seie og fjordahunden Olav ser opp og han ser dei to fine byhundedamene
komme gåande midt imot dei, side ved side, og dei to fine byhundedamene
smiler til kvarandre og snakkar og ler og dei kastar halane sine yndig
frå side til side og fjordahunden Olav tenkjer at du å du
så fine dei er, desse byhundedamene!
© Bergen Off. Bibliotek
|