|
Tekstutdrag
frå
Melancholia I
Eg prøver å få hendene mine laus, men han grip fast
rundt handledda mine, han knepper til rundt handledda mine, han held meg
fast og eg står attmed han og han knepper fast rundt handledda mine
og eg står attmed han og vi er jo på Malkasten, det er vel
mange folk på Malkasten og eg står attmed eit rundt bord,
nær døra og det er folk rundt oss, ved nesten alle borda
sit folk og ser mot meg, overalt er det auge som ser rundt meg og svarte
og kvite klede kjem mot meg, i ein fæl fart kjem svarte og kvite
klede mot meg, no kjem kleda ja, og dei svarte og kvite kleda bevegar
seg rundt meg, heilt nær meg, så bevegar dei seg brått,
i stor fart, bort ifrå meg, frå alle auga som ser og ser mot
meg kjem det svarte og kvite klede, for alle sit og ser mot meg, dei stirer
mot meg, for ved alle borda sit det folk, på bord framfor oss og
bak oss sit folk og dei stirer mot oss og no kjem dei alle, i klede som
er svarte og kvite, mot meg og kleda legg seg rundt kroppen min, for no
kjem dei mot oss, kleda bevegar seg mot meg, kleda bevegar seg inntil
meg, kleda bevegar seg mot meg, no kjem kleda mot meg. Det sit folk og
ser mot meg og frå auga deira kjem svarte og kvite klede mot meg
og kleda legg seg over hovudet mitt, no legg kleda seg over hovudet mitt
og eg kan ikkje sjå nokon ting og eg kan ikkje puste og eg har hendene
mine nedi jakkelomma til han som sat attmed meg, han som heiter Alfred
og som ikkje kan male og eg kjenner at pipa mi er nedi lomma hans, men
eg kan ikkje stå og halde hendene mine nedi jakkelomma hans, det
går ikkje an å stå med hendene mine nedi jakkelomma
hans, men han held hendene mine fast og dei svarte og kvite kleda heng
over hovudet mitt, kleda dekker til munnen min, kleda er over hovudet
mitt, kleda kjem mot meg og eg kan ikkje puste, berre heilt kort, når
dei svarte og kvite kleda slepper litt, kleda kjem frå folka som
sit ved alle borda og ser på meg, frå auga deira, for frå
alle borda rundt omkring meg, frå alle folka, frå auga deira,
kjem desse rørslene, som bevegar seg i lufta, som vil ta meg og
dei tar meg og dei legg seg rundt meg og dei vil ta meg, det er det som
skjer, for eg er jo på Malkasten og ved alle borda sit det folk
og auga deira ser mot meg og auga deira vil ta meg og eg har hendene mine
nede i jakkelomma til han som sat attmed meg og eg held rundt pipa mi,
for pipa mi er i lomma hans og eg er sterk og eg prøver å
få laus hendene mine, men han grip berre hardare rundt handledda
mine, men eg er sterk ja så viss eg vil kan eg bruke styrke, men
då kan vel pipa bli øydelagd. Eg må sjå mot han.
Eg ser mot han.
© Bergen Off. Bibliotek
|