|
Jon Fosse
- om seg sjølv
Jon Fosse? Kven er Jon Fosse? Jon Fosse har i alle fall tre dimensjonar:
han er eit vanleg menneske, ein offentleg person og eit skrivande menneske.
Det vanlege mennesket er som slike menneske flest, med sitt vesle meir
eller mindre lykkelege liv, den offentlege personen kjenner ein til, og
har i så fall eit inntrykk av den, eller ein kjenner ikkje til den,
og har dermed ikkje noko inntrykk av den, og det skrivande mennesket er
noko for seg sjølv, det er kanskje meir ei rørsle enn ein
identitet og det fell ikkje, sikkert nok, verken saman med det vanlege
mennesket eller med den offentlege personen Jon Fosse. Men kven er så
eg, som Jon Fosse skal vere?
© Bergen Off. Bibliotek
|