|
Intervju med Marit Ihle i
anledning nettbibliotekets prosjekt ”Vestlandsforfattere”
Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut
en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene
er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?
Eg jobbar absolutt best på føremiddagen. Og har den fyste
skriveøkta mellom kl. 9.00 og 13. 00/14 00. Etter ein lunch ( +
litt post/ avislesing) brukar eg å gå meg ein tur. Få
litt bevegelse. Pluss litt oksygen til hjernen. Skal eg greie ei skriveøkt
nummer 2 ( 1 el 2 timar til ) så må eg ha denne turen. Helst
ein time...Om kvelden er eg (som oftast) for sløkt til å
skrive. Kan bla gjennom ein utprinta bunke, skrive nokre merknader. Men
timane med trøkk i er så avgjordt på føremiddagen.
Kva er bakgrunnen din?
Har vel alltid hatt eit vanvittig uttrykksbehov...som eg prøvde
å "manøvrere/ løyse" på ulikt vis.
I mange år kalla eg meg sjølv for allsidighetsnevrotiker.
( teikna, malte, var klovn, jobba som instruktør for diverse amatørteatergrupper).
Heilt til eg møtte ein engelsk biletkunstnar som sa til meg:
" You must not run half that mountain. And than look at another.
And than run half that mountain. And than look a third...Den satt!!!
Etter ti år som frilansklovn (ved sidan av halv jobb som førskulelærar)
bestemte eg meg for å finne eit kunstnerisk uttykk eg kunne orke
å l e v e m e d når eg vart førr.(var lei av å
danse på bordet)
Sommaren -89 fannt eg "fjellet mitt". Eg visste plutseleg kva
eg skulle satse på. (Eg ville danse i språket i staden). Eit
skrivekurs med Rolf Sagen og Jon Fosse var det som utgjorde dette kicket.
Ei veke avsondra med ei skrivemaskin i eit litterært miljø
var nok. Eg var "fortapt". Hausten 90 begynnte eg på skrivekunstakademiet.
I 1991 gjekk eg på forfattarkurset i Bø. Debuterte i -95
med to bøker. Den andre romanen kom i 1997. Etter det har eg (av
ein eler annan grunn ) lidd av litterær forstoppelse. (masse halvferdige
greier i harddisken...som eg ikkje heilt...ja... greier å få
i mål) ) og misunnt idrettsutøvarar som har trenarar og smørarar
og innpiskarar en masse ....(sukk: kunstnarar. Kva har dei? Dei har ingenting.
Dei må streve åleine... )(Den vanskeleg tredjeboka heiter
det for meg.)
Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg
i slekt med?
Tja. Kva skal eg sei. Ikkje den norske minimalistiske tradisjonen. Den
klarer eg ikkje å "presse meg inn i". Med den "fossen"/streamen
som eg er/har. Snarare tvert mot. Eg kjenner meg nok meir heime i den
franske nyromanen. ( Nathalie Sauroute, Helene Cixous) . Og i den latinamerikanske
prosaen der saker og ting f å r l o v
t i l å " fløyme..."
.
Er meir i slekt med forfattarar som beskriv tilstandar meir enn handlingar.
Sjølv om eg føler presset om å skrive r i k t i g
...å legge inn ein slik vanleg konform dramaturgi som folk jo vil
ha. Ein forfattar som betydde mykje for meg då eg debuterte var
dansken Peer Hultberg. Med boka Preludier (om komponisten Shopin`s barndom)
berørte han meg. Eg hadde vel før det p r ø v d å
la meg innspirere av ulike forfattarar / retningar/stilar som vi fekk
smake på ved dei ulike forfattarskulane, å ta i bruk "ulike
modernistiske grep". Men det vart liksom berre på utsida. Det
berørte meg ikkje på innsida. Gjorde ikkje noko med meg.
Møte med Peer Hultberg var annleis. For fyrste gong opplevde eg
ein forfattar/ein tekst som både i form og innhald berørte
meg sterkt fordi dei matcha med mitt eige. Han oppmuntra meg v e l d i
g då vi hadde han i Bø. Til m.a. ikkje å legge meg
flat for korleis forlaga vil ha ting. Men til å "bli ved "
som han kalla det. Dvs. vera trufast mot seg sjølv.
Gir det mening å snakke litterært med denne familien?
Sidan eg har strevd så lenge som eg har gjordt med tredje roman
utan å kome i mål, har nok sjølvtilliten dalt. Eg har
isolert meg. Blitt skyare. Eg har nok altfor lite søkt inn i dei
litterære miljøene, for å få støtte til
arbeidet mitt/"stemma mi. Fått nokon til å "kike
meg over skuldera" i forkant av forlaga...og gitt meg råd.
Heller ikkje har eg hatt råd til betale folk for å lese.
Kva er det som driv deg til å skrive?
Ein galskap i blodet.
Eit sanseleg overskudd...eller underskudd.
Ein e k s t r a sårbarheit. Ein besettelse. Noko ein ikkje kan for
Det er definitivt ikkje draumen om å bli rik og berømt. .
Gir det mening?
Viser her til det overnevnte essayet mitt!!! (Link til essayet: Ӂ
symje over den engelske kanal”)
Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?
For meg er det stort kvar gong eg gløymer meg (tid, stad...) og
fortapar meg i skrivinga. Plutsleg har det gått 3 timar utan at
eg har sett på klokka. Det er vel dette som avisen /magasina kallar
for flowing . det å gå opp i noko med kropp og sjel- som akkurat
no er in. Det er stort sett i skrivinga eg får denne flowen. Og
sjølvsagt. Det er stort kvar gong teksten- dansen i språket
- tek meg med til ein annan plass enn den eg har tenkt.
Eg var på ein fest her forleden der vi sat og prata, ein musikar,
ei operasangarinne og meg. "Eg skjøna lenge ikkje kvifor eg
alltid vart så ulukkeleg i ferien" sa musikaren, -"inntil
eg skjøna at det var fordi eg ikkje spelte. " Naturlegvis.
Vi to andre kunne berre nikke og forstå og skrive 100% under nettopp
på denne erfaringa. Sagt med andre ord: Kva er det som manifisterer
meg/oss i verda, viss ikkje det nettopp er denne skapande priosessen;
skrivinga, spelinga, synginga. Kontrasten mellom styrke og svakheit. Den
kan vera enorm. Eg sa det også, i løpet av denne samtalen:
"Eg merkar - i periodar når eg ikkje skriv-, sa eg, at eg liksom
forsvinn for meg sjølv , misser styrken, konturane og blir til
ein støvdott borte i ein krok. På same måte som eg
kan merke det motsette; nesten fysisk" la eg til, - når eg
etter ei slik "forsvinning" igjen set seg ned framfor maskina.
Og det skjer. Dette som eg ikkje tenker over kjem til å skje. Men
som likevel skjer: Lysta kjem til bake. Kroppen. Konturane.. Min plass
i verda. Eg kan formeleg k j e n n e lakmuspapiret skiftar farge".
Eg skjøna etter samtalen med desse to andre kunstnarane at det
er noko allment i denne påfallande erfaringa. Noko eg gjerne kan
snakke meir om. Og dele erfaringar om. I eit egna forum...(berre eit tips)
(eg er ikej så redd for å stå fram både med styrke
og svakheit)
(Eg har ingen interresse - heller ikkje i denne konteksten - av å
kun framstå som eit meistrande menneske. Det har eg forresten aldri
hatt. ) Og så til det siste spørsmålet:
Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne”
i eige skriving?
Som noko som naturleg høyrer med. Eg har vel kanskje alltid vore
ein smule meir sjølvutleverande enn det som er "normalt".
I dei to fyrste romane mine har eg brukt rått av mitt eige. Trekt
frå og lagt til nett slik som det har passa meg. Debutromanen (
som er ein eg-roman om ein fandenivolsk og opprørsk åtteåring)
kalla eg også for "minnebok" . Boka (vaksenroman) har
ingen "vaksen synsvinkel"/synsing; men er frå fyrst til
sist skreven rett ut i frå 8- åringens uredigerte og kaotiske
sentralbord. Følte i ettertid at det var like mykje (stoffet/stemma
)boka som valgte meg. Enn eg som valgte den. Eg berre måtte debutere
med den stemma i meg som låg aller lengst inne. Fem år ( og
hundrevis av sider...) brukte eg på å skrive meg inn til den.
Å skrape meg inn til den sårhetsklumpen i Alida 8 år
som eg ville bruke som aggregat. I den fylgjande boka "Nikkelhjarte"
tek eg pulsen på Alida som femtenåring. Her også brukar
eg av mitt eige. Veljer (det udestillerte) suget på livet hjå
den femtenåringe jenta som aggregat, og skriv denne gongen ut i
frå det. For meg er det naturleg å bruke av livet mitt. Sjølv
om eg føler meg fri i forhold til stoffet. Til å lyge der
eg vil. Stele der eg vil. Men det er tydelegvis vanskelegare (jfr. den
uferdige 3 romanen min) for meg å ta pulsen på Alida som 27-åring
enn som åtte- og femtenåring. Kvifor? Antakeleg fordi ho er
nærmare meg sjølv. Og difor ...meir farleg. Meir...utleverande.
Eg s t r e v e r litt enno med å finne den fruktbare balansen mellom
nærhet og avstand...til Alida, til meg sjølv. Håper
likevel ( sjølv om eg no jobber fullt med ikkjeskiriving) at eg
kjem i mål snart. Og kan "bla vidare" i forfattarskapet
mitt. Bli "ferdig" med Alida; og kome meg litt meir vekk frå
meg sjølv i tekstane mine ; samstundes som eg trur at eg alltid
vil kome til å bruke av mine erfaringar. Eg veljer å avslutte
her.
Marit Ihle på Vestlandsforfattere
© Bergen Off. Bibliotek
|
|