|
|||||||||||||||||||||
|
Intervju med Eirik Ingebrigtsen i anledning nettbibliotekets prosjekt ”Vestlandsforfattere” Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform. Korleis ser arbeidsdagen din ut? Arbeidsdagen varierer med skriverytmen, sjølvsagt; høgt tempo og heile tida når eg har fått tak på teksten eg skriv (du er min!), meir kronglete i idéfasen (hallo, er du der?) då mykje av tida går til å lesa annan litteratur. Av erfaring skriv eg best og med størst sanning når hovudet er reint, altså første del av dagen. Eg låner eit hus i skogen frå mandag til onsdag (inkl. bibliotek og fuglebrett) noko som gjer at skriveveka bestemmer seg sjølv. Heime er det lite skriving. Dette romskiftet er bra. Kva er bakgrunnen din? Bakgrunn: Os gymnas, deretter Teatervitenskap og Medievitenskap (UiB), Uakademisk Mellomfase med småskriving og fiksjonssprang, deretter Skrivekusntakademiet i Hordaland, Litterär Gestaltning (Göteborg) Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med? Eg slappar godt av når det gjeld litterær
tradisjon – andre snakkar sjølvsagt om ”vestlandet”
berre eg skriv ein setning, men det blir for lettvint. ”Menneskesinnet”,
derimot, er eit godt ord for bøkene eg har skrive til no. Om det
er ein tradisjon eller ei gruppe for ”dei som vil brekka språket
og få det til å pulsera hos lesaren” høyrer eg
heime der. Eg les heile vegen, ingen skriving utan lesing,
det veks saman til ein bevegelse, ein konsentrasjon. Eg trur eg les både
seint og litt for nøye … det er vel slik at eg også
lar meg inspirera av det dårlege eg les – då skyt små
lappar med nidtekst fart, det får meg i gang, kritikk. Gode tekstar
(også frå aviser) får meg i gang på ein annan
måte – etter å ha lese med hovudet ei stund tar magen
over; eg veit ikkje om eg klarar å skildra kva som skjer, men lyst
å skriva får eg straks. Det beste eg kan seia er at det store
suget kjem. Og sidan suget er gjenkjennbart, gir det meining i den skapande
prosessen som peikar framover. Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar? Har nokre gode opplevingar i tekstdelar/større scener som er skrive i eitt drag, så som "Liga" (publisert i Signaler 01) og ein del av Johan-teksten i "Snø dempar lyd, tre lukkar inne". Opplevingane blir forsterka ved at dei så og seia går uredigert gjennom tid fram til publisering, at det ikkje heng tvil ved dei. Må også nemna ei novelle lagt til Jondal som eg skreiv på ei strand i Chennai, India, medan eg blei skjelt ut av ei gammal kone fordi eg ikkje ville gje ho pengar. Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving? Desse begrepa kan vera
interessante å diskutera i etterkant av skrivinga, men eg prøver
å ikkje gjennompsykolgisera teksten der og då, når eg
skriv, det er nok av indre stemmer som det er, kvalitetsmessig og reint
teknisk, under akten. Begrepa "biografi" og "minne"
fører fram til, for meg, eit tredje: "røst". Skal
ein finne einingar frå dei to bøkene mine, og frå meg
som person, handlar det om røst, eller kva toneleie eg favoriserer
og vel for karakterane mine. Nokre tekstar har ei bajas-røst i
seg, det kjepphøge, eplekjekke, andre har det lågmælte,
sorgfulle. Det blir umogleg å seia noko om det lågmælt-kjepphøge,
men kombinasjoen freistar, og eg har vel kanskje vore innom ei slik røst.
Har vi eit fjerde begrep her? "Kjeppsorg", nei, nei ,nei ...
eller då er vi over på språk; tempo i språket
er viktig og om karakterane/tonen er eplekjekk, må teksten, for
meg, på eit aller anna tidspunkt bryta ut i sorg, eller i eit anna
blikk. Her smeltar det eg er ute etter i skrivinga saman med det eg er
ute etter i lesinga! © Bergen Off. Bibliotek |
|||||||||||||||||||||
|
|||||||||||||||||||||